Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

«Vekslingssiden»

Våre beste i NM

Sluttar meg også i stor grad til dei andre innlegga kring detaking av våre beste i nasjonale mesterskap. Det er heilt avgjerande at i eit norsk mesterskap MÅ alle stilla. Gjer dei ikkje det, vil dette verta ei ”sekunda” vare som publikum og media ikkje vil støtta opp om.

Me ser at skisporten har fått ein unik posisjon i NRK med sendingar frå alle øvingar.
Dei norske mesterskapa på skøyter vert nærast aldri nevnt lengre. Dette er ein ”farleg” utvikling. Me (Skøyteforbundet) må gjera alt det som står i deira makt for å gjera NM attraktiv for TV og andre media.

Då er det første prioritet at dei beste stiller til start. Kanskje kan og all round og sprint samlast i eit mesterskap for å gjera det ytterlegare interessant?

Tenk kor frustrerande det må vera for arrangøren i Drammen og andre stader og veta at dei beste ikkje kjem, når ein har gjort alt for å leggja forholda opptimalt til rette.

Når dette er sagt, må eg og sei at eg har forståing for Mueller/ Aamodt sitt val i denne samanhangen. Når eit så viktig sesongmål som VM enkeltdistansar opnar i Inzell med 5000m torsdag etter NM, skjønnar eg prioriteringa.

Derimot må ein gje eit minus til dei som ikkje såg dette nå terminlista vart lagt. Det må gjennom ISU kunna oppnåast ein enighet om at nasjonale meisterskap vert lagt til bestemte helgar, slik at det ikkje vert slike uheldige ”kollisjonar”.

Til slutt vil eg oppfordra alle oss som er glad i skøytesporten til uansett å møta opp i Drammen. Det fortjener og våre nest beste og unge framadstormande løparar. Truleg vil det tross alt verta mange gode prestasjonar og mange fine duellar. Ein verdig mester vil me og heilt sikkert få.

Så får me ynskja dei som skal forsvara Norges ære i Inzell ”Lukke til”. Me skal vera med å skapa god norsk stemning på tribunen.

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.