Debatt
Ingen sprekk av Eskil
Av Harald Otterå - 2006-12-03
Per Ivar Henriksbø skriver mellom anna i sitt
innlegg at Eskil Ervik sprakk på 10000m i Moskva. Dette er heilt feil. Me
såg vel tydeleg at Eskil fekk kjempeproblem med ryggen. Dersom så ikkje
hadde skjedd, trur eg han hadde vunne me klar margin.
Når det er sagt, er vel også eg litt bekymra over det eg såg i Moskva når
det gjeld nokre løparar. Synest spesielt Håvard og Maren virka tunge. Me får
håpa at Peter Muller og olympiatoppen veit kvad ei balar med og at alle er i
toppslag til EM i Collalbo.
På den gledelege sida, synest eg at me har ei veldig fin breidde no. I
tillegg er det gledeleg mange jenter med.
Håper at dei som sit i styret i NSF, saman med Lasse kan henta inn
ytterlegare sponsorar slik at me kan senda fulle kvotar i alle World Cupane.
Også i Kina. Det er ikkje bra at NRK sender skøyter på laurdagen i beste
sendetid, utan at det er løparar frå Norge med. Det bør ikkje skje.
|