Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Nei til OL

Der er synd at så mange av dei som ynskjer nye innandørs skeiseanlegg her i landet vil kopla dette til ein OL-søknad. Visst treng vi fleire hallar til den vakraste av alle sportsgreiner, men draumen om vinter-OL må vi etter kvart vakna frå.

Toppidrett generelt har utvikla seg til å bli idioti i meir eller mindre rein form. Magien er rett og slett borte når kvart einaste verdscuprenn går direkte på TV og Rike og Carlsen får brøla og prata tull kvar einaste dag frå tidleg i november til seint i mars. Sport er opium for folket, og i dag synest det meste av idrettsinteressa å vera pakka inn i sjåvinisme og tøv.

Kampen om kven som skal vera Norges neste kandidat til å arrangera OL, liknar på alle andre lokaliseringsdebattar: Ingen har betre argument enn naboen, men likevel legg ein mykje energi i å lovprisa seg sjølv og rakka ned på konkurrenten. Hugs at gode argument aldri har avgjort ein politisk kamp! Den av kandidatane som vinn fram, gjer det fordi han har dei rette politiske kontaktane.

Ja, olympiske leikar var eit storvegs tiltak ein gong, men det er ei tid for alt, som det står i Forkynnaren (Preikaren/Predikeren i eldre bibelomsetjingar). Ved å ta på seg eit OL-arrangement, får ein ansvar for å byggja mange anlegg og såkalla infrastruktur som ingen har bruk for anna enn i fjorten vinterdagar eitt år. Dette landet har faktisk meir enn nok vinteridrettsanlegg. At dei ligg på litt ulike stader får vi berre leva med. Dei einaste som på lang sikt tener på at OL-sirkuset vert halde i gang, er dei som sit i IOC og let kandidatane halda seg med pengar og mat.

Vi bør ha fleire skeisehallar, men planane må realiserast utan at OL-fantasiane går i oppfylling. Skeisentusiastar er dei mest intelligente og opplyste av alt idrettspublikum. Lat oss seia nei til olympiske leikar!


(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.