Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Gratulerer, Tsjekkia!

Gratulerer Martina Sablikova og Tsjekkia med europameisterskapet! Tsjekkisk europameister i allround er noko av det denne sporten treng. Aukande internasjonalisering og fleire nasjonar representert på pallen, og mindre kjedelege allroundmeisterskap som følgje er kjempefint! Må fleire utfordrarar nå opp i framtida.

Allround-meisterskapa har altfor mange år vore dominert av Tyskland og Nederland. Når Tsjekkia har to deltakarar på 5000-meteren og Tyskland tre og Austerrike også var nær ved å bli representert igjen så er det bra. På ein heldigare dag kunne Polen eller Noreg hatt to jenter med på siste distansen. Dette er bra for sporten, for å herma etter Arne Scheie og Kjell-Kristian Rike i NRK.

Eg vonar både skeisemiljøet og NRKs skeisekommentatorar i framtida vil gleda seg like mykje som hopp- og skiskyttarkommentatorane gjer når løparar frå mindre meriterte nasjonar når opp.
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.