Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Europacup, ja takk!

Eg viser til førebels terminliste for hurtigløp. Der er det sett opp europacup med spørjeteikn. Bra! Norges Skøyteforbund har teke eit bra initiativ. Eg vonar dette går i orden frå neste sesong.

Det har slege meg lenge at det har vore for få spennande internasjonale tevlingar for dei nasjonale a-klasseløparane både her i landet og andre stader. Blir europacupen noko av, og alle nasjonane tek han på alvor så vil dei aktive få eit spennande tilskot i konkurranseprogrammet. Og skulle det vera mogleg å reisa midlar til interessante pengepremiar til dei kanskje seks beste på kvar distanse og samanlagt ved sesongslutt så vil det både stimulera til deltaking, topp innsats og vidare satsing. Med brei internasjonal deltaking kan det også bli gode tider og mange spennande tvekampar for publikum.

For Noregs del vonar eg at dette initiativet kan sjåast saman med nytenking når det gjeld deltaking i verdscupen og internasjonale meisterskap. Eg tenkjer då på kravet frå sist vinter om at ein måtte gjera det sannsynleg gjennom nasjonale stemne og verdscupopninga at ein var god for å vera mellom dei tjue beste i verda for å få lov til å konkurrera i større konkurransar enn Scandinavia Cup. Dette var ikkje bra. Kanskje var rekkjefølgja i NM enkeltdansar tilfeldig? Kanskje var marginane svært småe? Kanskje når også fleire ”nasjonale” løparar ei formstigning etter NM enkeltdistansar, som går svært tidleg i sesongen? Difor bør det bli lettare å få ein sjanse til å gå verdscup seinare i sesongen enn det no har vore. Ein europacup med god deltaking kan bli ein god reiskap både for dei som kjempar om innpass og dei som skal ta ut verdscuplag.
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.