Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Kan Norgescupen bli bedre?

Kvifor ikkje ha ein konstruktiv debatt om Norgescpen i staden for å gå i ”skyttergravene”?

Jarle Pedersen er hovedtrenar i Fana IL Skøyter og uendeleg glad i skøytesporten. I tillegg er han ein drivande god trenar med høg fagleg kompetanse. Gruppa hans er truleg ei av dei aller største i Norge i dag. Slik eg ser det, er det eit glimrande miljø på alle nivå i klubben hans.

Når Jarle finn det rett å presentera ein del tankar i lesarbrevform, bør me, slik også Sondre Kvaalen påpeikar, ta det seriøst og sjå på kva som eventuelt kan gjerast for å retta på dei momenta som Jarle påpeikar. Håper ikkje det er slik at når vest, nord eller sør skal reisa til øst, er det ikkje så nøye med reisetid, lengde på stevne osv, men når øst skal reisa motsatt vert det brått eit problem.

Om vel eit år, vert det slik at Vikingskipet må ”dela” nokre av sine norgescupar med Stavanger . Om enno nokre år, vil vonadleg det koma hallar i andre deler av Norge og. Då er me alle i samme ”bås”. Derfor både ynskjer og ber eg om at ein optimaliserer avviklinga av stemna. Me skal hugsa på at dei fleste av borna/ungdomane som er med, har ei skule som ventar tidleg mandag morgon. Fly er ikkje alltid eit alternativ. Både av økonomiske og andre praktiske grunnar.

Eg har ingen god nøkkel på kva som er dei gode eller dei mindre gode løysingane, men eg er overbevist om at om ein går inn i ein positiv og konstruktiv debatt kring dette, vil det vera mange i skøytenorge som har kreative forslag til gode endringar. Mottoet må vera at me skal finna gode løysingar både for topp og breidde. Me har bruk for alle. Det eg ikkje likar, er at ”piggane” kjem ut hos ein del, så snart det kjem innspel til endringar.


(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.