Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Ei oppmoding til Norges Skøyteforbund

I år er det ein svært gledeleg entusiasme frå fleire hald for å trekkja publikum og laga meir miljø kring verdscupstemnet på Hamar seinare denne månaden. Om innsatsen ber frukter og det kjem meir folk blir det livlegare på tribunane enn det ofte har vore under verdscupstemne her i landet.

For at dugnadsarbeidarane skal få mest mogleg att for innsatsen skulle eg ønskja at forbundet snarast gjekk ut med ei erklæring om at ved dette stemnet, på heimebane, slakkar ein opp på det rigide kravet om at ein må vera a-gruppeløpar for å vera med. Tenk heller motsett; gje nokre ekstra løparar den utfordringa og inspirasjonen det er å få stilla i eit internasjonalt elitestemne. Kanskje kan det gjera forskjellen mellom å leggja opp for tidleg og å satsa endå meir intenst?

Og for oss publikum; kva får vi? Kvifor skal vi reisa til Vikingskipet?
Dei norske a-gruppeløparane ser vi vel betre på fjernsyn. Det same gjeld dei fleste utanlandske i a-gruppa.

I alle fall eg, reiser til Vikingeskipet like mykje av andre grunnar. Det er for stemninga og miljøet sin del og for å sjå alle løparane. Eg vil gjerne sjå løparar frå andre nasjonar og fleire norske enn dei faste. Her ligg det og mykje spenning i lufta. Kven av outsiderane overraskar, får verdscuppoeng og kanskje til og med går seg opp i a-gruppa denne gongen? Utanlandske? Norske? Er ein meir anonym nasjon i ferd med å nå eit høgare nivå? Går b-gruppene så godt som utan norsk deltaking blir det vel ikkje det same å ta toget til Hamar?

Eg har ein draum; og den er at Norges Skøyteforbund snarast signaliserer på eiga heimeside at ein slepper til fleire løparar ved verdscupstemnet på heimebane. Alle som kan kjempa om verdscup-poeng bør få ein sjanse, så lenge det er plass, og kanskje eit par ”rekruttar” i tillegg? Kostnadene er vel ikkje større enn at somme kan gå berre ein distanse og sleppa andre til? På 500 m. for menn burde vi til dømes stilla fullt lag med 500 m-spesialistar denne gongen. Det vil truleg seia at to løparar som til vanleg ikkje er på representasjonslaget bør få ein sjanse. Kanskje bør ein ny løpar få prøva seg på den lengste distansen for menn og ein på 1500-meteren? Dei same noko lempelegare krava må naturlegvis også komma kvinnene til gode. Kan vi håpa at ein kvinneleg junior eller to får prøva seg, og mellom fire og seks kvinner i alt? Då blir det fest!

Di tidlegare eit signal om ei større norsk tropp kjem di større utteljing kan det gje. Står det på pengar, så er det vel mogeleg å spleisa? Kjære forbundet; ikkje brems entusiasmen, opn dørene og gje han fart…
  

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.