Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Vi må auke rekrutteringa

Thorleiv Teigen sette i eit tidlegare grunngjeve lesarinnlegg fokus på rekrutteringa i norsk skøytesport. Berre ein reaksjon på dette temaet, gjorde at han i nytt innlegg utdjupar på ein sakleg måte eit synleg problem og utfordring. Thorleiv dokumenterer og argumenterer så godt at det kan vere vanskeleg å sette fingen på noko.

Thorleiv: Som tidlegare kretsleiar (i arverekkefylgja di) og også klubbleiar siste året, så skjemmest eg over ikkje å ta tatt hansken du kasta til debatt. Diverre drukna debatten eller den spora av, i det problematiske og stadig tilbakevendande temaet om uttak til internasjonale stemne og representasjon. Det er lettare å drøfte toppsatsing enn kva som skjer/ bør skje på breiddesida.

Ein liten status frå Gol og Hallingdal:
I Gol har vi ca 110 ungar/ ungdomar registrerte på ”skøyteskulen” for 3. året på rad, dei fleste er under 10 år. Vi har gledeleg vekst i vaksne med skøyter på beina. Klubbløpa har frå 30 til 50 løparar på startstrek på vanlegvis 3 distansar. Problemet i vinter er få klubbløp. Resultata er elles ei ”villa” og strategisk satsing, som også har gitt ny landslagsløpar frå bygda vår! Men vi har ikkje nådd alle måla våre enno!

Årets Hallingdalskarusell måtte avlysast, etter det eg veit for fyrste gong på ca 35 år, ikkje på grunn av manglande is, men for skuld iskvaliteten og klimaet. Påmelding av 120 løparar var vi nøgde med sett i lys av sterk nedgang frå vestlandsklubbane (årsaker: fleire).

Alt måndag kveld var isforholda etter forholda på topp. I alt 8 lag stilte til start på årets bedriftsstafett. I klassen idealtid/ kostyme var det Gol og Hemsedal Lensmannskontor som vann den oppsette vandrepokalen før Montér I og med Turistbedriftene, NAV II og Gol Brann og Redningsvesen på delt 3. plass. Montér I tok sitt fyrste napp i vandrepokalen i racer- klassen føre Turistbedriftene, Montér II og Slaatto Sag.

Vi held fram med å arrangere klubbløp, neste no er den 6.3.

4. mars vart hallingdalsmesterskapet avvikla i Hol med god deltaking, størst i dei klassane der mester ikkje vert kåra. Men her er eit pent knippe med 10 åringar i Hallingdal. Og vi hadde 3 (tre) landslagsløparar på startstreken og ein olympier ringside! Diverre er det årsklassar i aldersbestemte klassar med få eller ingen utøvarar, særleg er det tynt på jentesida. Lisenstalet har siste åra vore lågare enn vanleg. Men der vil vi nok sjå positive endringar i klubbane Gol og Hol.

Nokre konkrete synspunkt på Thorleiv Teigen sine framlegg og andre syspunkt

  • Eg tviler på om fleire mesterskap (landsdelsmesterskap m.m.) er løysinga på utfordringa.
  • Det undrar meg at det i terminlista er sommaris, haustis, og 1-2 veldig tidlege nasjonale løp for så å inngå i ein lang løpsferie før vi tek innspurten med Hamarløp og hektisk januar/ februar. Ynskjer VI det slik? Kva kan/ vil klubbane/ kretsane gjere med det?
  • Antar at resultat og erfaringar frå Challenger Cup er positive og bør halde fram.
    NSF treng fleire arrangørar (?)
  • Klubbar/ kretsar som ynskjer vere arrangørar treng arrangementa for å:
    • Rekruttere leiarar
    • Vise sporten lokalt
  • Legg ei nasjonal terminliste som prioriterer løp ”i Noreg”:
    • Legg ikkje NC i Gøteborg og København
    • Deltaking i scandinavia-cup etc, bør vere for dei nestbeste (kvalifisering på tid)
  • Sjå på Håvard Bøkko, hans konkurransesesong i år, og antal konkurransar for våre juniorar og nestbeste løparar. Grunn til ettertanke når vi ser på deltakinga i fleire NC?
  • Vi har alle (leiarar, trenarar og løparar) eit felles ansvar for utfordringane.
  • NSF må vere synleg, og tydleg på mål, verkemiddel og handling med forankring lokalt (klubb) og regionalt (krets).

Personleg har eg over mange år stussa over fleire forhold:

  • Kretsløpa nokre stader (no også i Buskerud) er borte. Kvifor?
    • Fordi løparane ikkje vil?
    • Fordi foreldra ikkje vil?
    • Fordi klubbtrenarane ikkje prioriterer det?
    • Fordi klubbane ikkje prioriterer det?
      • T.d. at leiarane reiser bort på større stemne?
      • Vi rekrutterer ikkje nok funksjonærar/ leiarar?
  • Dei nasjonale løpa vert reduserte i antal og deltaking. Kvifor?
    • Det er eit ork å gå utandørs i vinterlege forhold. Toler vi ikkje lengre kuldegrader under –6 ºC, litt regn, og kanskje litt vind?
    • Kan skøytesporten bli nemnande stor her til lands med berre 2-3 skøytehallar?
    • Kor realistisk er det at vi skal ha mange skøytehallar med internasjonale mål og med istid som fremjar idretten sine behov her ”på bjerget”.

Konkret framlegg:
Kva kan (bør?) gjerast knytt til dei tema som Thorleiv inviterer til:

1. NSF, breiddeutvalet, utarbeider ein rapport over
1.1. Utviklinga av antal lisensløparar, både på gute- og jentesida i aldersbestemte klassar f.o.m. 10 år t.o.m. Jun. A over dei de siste og med tilbakeblikk til 15, 20 og 25 år.
1.2. Utviklinga i deltakarar i nokre strategiske nasjonale løp for dei same aldersklassane, og både jenter og gutar (Sandefjordløpet bør vere eitt av desse løpa).
1.3. Utviklinga i antal deltakarar i dei respektive klassane i LM over same tidsperiode
1.4. Kva finn ein av resultatutvikling ved å sjå 2 og 3 i samanheng?

2. NSF sender rapporten til klubbane og kretsane.
Kretsane skal ha lagleiarmøte og/ eller kretsting. Rapporten vert lagt fram som sak
med siktemål å avklare:
2.1. Kva er status lokalt/ krets. (få ei felles bilde/ forståing)
2.2. Kva er ønska utvikling.
2.3. Verkemiddel for å nå ønska utvikling på klubb, krets eller landsdels og forbundsnivå 2.4. Resultatet frå kretsane sitt arbeid vert lagt fram på NSFs krets- og eller klubbleiarmøte.
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.