Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Sommarstikk?

Lat meg fyrst få gratulere det nye skøytestyret og president Vibecke med tilliten vist på skøytetinget etter eit underleg, grenselaust og meiningslaust konfliktnivå før og under skøytetinget. På ein bestemt blogg ser eg at det også er missmot over at Skøytesport ikkje har teke inn kopling til bloggen som held fram krigføringa og splittinga som vi så avgjort ikkje treng i norsk skøytesport! Enkelt person(-ar) bør tenkje seg grundig om, og 'kule' ned! Vi treng debatt, men vi må klare å halde oss til sak, og vise litt etikette.

Når sommarvarmen har lagt seg må vi alle brette opp armane og arbeide med utvikling og gjennomføring av strategi - og handlingsplan både på forbunds- krets og klubbplan (+ region).

Så vart eg noko undren over Vibecke si sommarhelsing til klubbar, regionar og løparar. Flott! Men er det med meining at eit lovfesta organisasjonsledd - kretsane - ikkje er nemnt? Er det medvite skrive, Vibeke, eller er det sommarvarmen som har spelt deg eit puss?

I Buskerud er kretsen framleis eit viktig organisasjonsledd og økonomisk bidragsytar for skøytesporten sitt arbeid med rekruttering og for regionsarbeidet. Eigentleg er det kretsleiar (-ane) som burde stille spørsmålet og ikkje ein meing utvalsleiar.
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.