Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

Kvifor skal me alltid vera så kritiske?

Ein av dei ivrigaste på denne debattsida er Per Ivar Henriksbø. I siste innlegget erklærer han seg som ihuga skøyteentusiast. Er du verkeleg det? Makan til negativitet og svartmaling skal ein leita lenge etter. Konstruktiv kritikk er viktig av og til, men ikkje alltid. Eg vert lei meg og forbanna, når ein heile tida skal kun fokusera på det negative, kun etter ein WC og i starten av sesongen. Kvifor kan du ikkje tenkja litt positivt? Det er mykje positivt som skjer i idretten vår ute i klubbar og krinsar. Det vert arbeid godt i forbundet og i team CBA. Me har mange juniorar på veg opp. Me har flotte sponsorar som stiller opp for skøytesporten. I helgas WC ser ein og at våre løparar er i stor framgang. La oss gleda oss over det. Bergens Tidende har siste dagane hatt 3 heile sider med skøytestoff. (Takk til journalist Magnar Taule for det).

Så veit også eg at mykje kan gjerast betre, ikkje minst med rekruttering og utbygging av isflater. Men, eg føler at me er på veg framover. Dersom du, Henriksbø, saman med oss andre dreg i same retning framover, vil me nå målet.

Støtt klubben i miljøet ditt. Støtt løparane våre. Tenk positivt!
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.