Det er søndag kveld og eg sit ganske frustrert og forarga i «godstolen». Sportsrevyen er nett over på NRK. NRK ja, som har overtatt ansvaret for å dekka skøytesporten etter TV2?!

Kva handla denne 1/2 timen om? Jau, om ganske mykje faktisk. Om Petter Solberg, kartlesaren hans, broren hans, engelsk fotball, symjing, friidrett, ishockey, Tromsø fotball, skiskyting, Fredrikstad fotball og Hamarkameratene fotball, for ikkje å gløyma «stakkars» Ålesund. Men skøyter? Nei.

Kjære NRK, når de likevel var på Hamar for å bruka pengar på å syna festande fotballspelarar og supporterar, hadde det ikkje vore fornuftig å ta ein kjapp tur bort til Vikingskipet for å laga nokre glimt frå NC med uttak til WC neste helg?

Me som gløder for skøytesporten, har med stor interesse registrert at det var ein del veldig fine resultat i «skipet» denne helga. TV2 hadde faktisk eit innslag, mellom anna med intervju med P. Muller.

Eg synest det er heilt feil at NRK ikkje velgjer å «byggja opp» stemninga rundt WC neste helg, når dei til og med skal ha sending . Ein kan gjerne klaga over «tomme tribuner» når den vanlege mann ikkje får input frå media.

Det vert nærast ein floskel med at ski og skøyter er Noregs nasjonalidrettar, når media vel å ignorera dei få gode stemna som me har i Noreg.

Prioriteringa som NRK har gjort denne helga, er for meg heilt uforståeleg. Heile laurdagen vart me fora med serieavslutninga i fotball i frå alle vinklingar. Likevel vel dei å prioritera dette høgt også i søndagens Sportsrevy.

På pluss sida har det vore nokre innslag i kveldssporten dei siste vekene, men langtfrå nok.

I tillegg til elendig dekking på TV fronten, måtte eg leita med mikroskop i måndagsutgåva av VG og Dagbladet for å finna noko om NC i «skipet». Er det verkeleg meir interessant å lesa om ein Årst som valte fødestova framfor kamp, eller om Beckham si årslønn, eller om det «dustete» spelet mellom ein fornerma fotballspelar og forbundet hans?

På Skøyteforbundet sitt ting i Arendal i sommar, vart det valt inn personar etter oppfordring frå presidenten, som skulle ha til hovudoppgåve å «pleia» media.

Korleis har arbeidet gått så langt? Føler forbundet at dei har ein grei dialog med media og at ein får gehør for sporten vår?

Håper at alle oss som er glad i skøytesporten får ein skikkelig opptur under WC i helga og at NRK og avisene fløymer over av gode norske skøyteprestasjonar.