Taylor vart syndebukken
FA-cupoppgjeret mellom Nottingham Forest og Ipswich måndag kveld gjekk heilt til straffesparkkonkurranse.
George Hirst sende bortelaget Ipswich i leiinga etter 54 minutt. Midt i andre omgang utlikna Ryan Yates til 1–1 for Forest.
Heimelaget kasta innpå blant andre toppscorar Chris Wood på tampen, men det vart ikkje fleire mål i ordinær tid.
Også ekstraomgangane vart mållause.
I straffesparkkonkurransen vart det scora på alle dei ni første straffesparka, før Jack Taylor sitt forsøk vart redda av Forest-keeper Matz Sels.
Dermed er høgtflygande Forest vidare til kvartfinalen.
Der ventar bortekamp mot Brighton.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Les mer
Denne henvisingen/artikkelen er laget ved hjelp av KI-verktøy.