Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund
Det er berre nokre dagar sidan Patrick Thoresen la skøytene på hylla. No er han klar for ein ny rolle i Noregs Ishockeyforbund.
Han skal vere sportsleg ansvarleg for A-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag.
Kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år.
– Me håpar at han kan bli forlenga, men der Patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær Petter Salsten.
– Det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. Eg har spilt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier Thoresen.
Thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. Han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak.
– Eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier Thoresen.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Les mer
Denne henvisingen/artikkelen er laget ved hjelp av KI-verktøy.
