NRK Sport

Nye tre poeng til Tromsø – slo Sandefjord 

Tromsø toppar tabellen etter nok ein trepoengar i Eliteserien. Søndag vann TIL 3-1 mot Sandefjord.
Mennene til Jørgen Vik har storspelt i serieopninga, og bortsett frå 1–1 mot Lillestrøm har bronsevinnaren frå i fjor vunne samtlege kampar i Eliteserien.
Heine Åsen Larsen starta målfesten for heimelaget. Etter eit kvarter spelt skaut han ballen mellom beina på Hadaya.
Etter ein halvtime doblaTromsø leiinga, Vetle Skjærvik fekk hjelp av Ruben Yttergård Jenssen.
I andre omgang tente Sandefjord eit lite håp, Evangelos Patoulidis skåra frå hjørnet på 16. meteren. Men ti minutt etter fekk Tromsø eit mål til. Då var det Troy Nyhammer som sette ballen i nettet.
Onsdag ventar ny kamp for Tromsø, som nok ein gong møter Brann til dyst i ein framskunda kamp, denne gongen på heimebane. I andre serierunde vann Tromsø 2–1 borte mot Brann.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Les mer

Denne henvisingen/artikkelen er laget ved hjelp av KI-verktøy.