Debatt
Norgescupen
Av Kjell Arve Straumsvaag | 2008-10-29
Kan ei mindre rokkering gjera norgescup 1 og 2 endå betre?
Dei første to norgescuparrengementa er unnagjort og NM enkeltdistansar står
for døra. Sett frå sidelinja dukkar to spørsmål opp. Kvifor er det så lita
deltaking når norgescupen går i Bjugn, trass i at det er så tidleg i
sesongen? Det andre er; kva kan ein gjera for at også dei elitelaga som ligg
på treningsleir i utlandet kan stilla på i alle fall ein konkurranse før NM
saman med dei som trenar heime?
Spørsmålet mitt er: Er det vurdert å bytta rekkjefølgje på dei to
nc-arangementa? Kanskje det kjem fleire til Bjugn om det er sesongpremiere
for dei fleste der, og det er lengre tid til NM? Kanskje det no er for kort
tid og lang reise før NM? NM er svært viktig både for dei som har NM som
toppunktet i sesongen og for dei som kjempar om plass på
representasjonslaga. Og viss det er topp is i Vikingeskipet i ei og ei halv
veke før NM ( og to-tre dagar etterpå)så kan kanskje dei som er i utlandet
like godt komma hit før norgescupen og stilla i NC2 utan å tapa
fartstrening. Det virka som om ein del av utanlandsfararane kom tilbake til
Noreg denne helga også i år. Med god is på Hamar kan dei like godt komma
tre-fire dagar før, og kanskje stikka innom slekta på vegen også. Og då kan
det bli eit verkeleg flott treningsmiljø i Vikingskipet nokre dagar.
Viss ein slik variant slår til så vil ein truleg få fleire deltakarar i
Bjugn og få toppa nc2 i Vikingskipet endå meir. Stiller utøvarane i
forbundsgruppa og sprintlaget opp der får dei andre i alle fall ein
konkurranse før NM der dei får måla seg mot desse. Slik vil også dei
”heimeverande” få ein betre peikepinn på kva dei må oppnå for å rydda seg
plass på pallen i NM og få gå verdscup før jul. Og utanlandsfararane vil få
langt betre konkurransetrening på Hamar enn i eit testrenn i Berlin med
minimal deltaking. Eg kan ikkje sjå anna enn at alle kan dra fordel av ei
slik rokkering.
|