Skøytesport - toppbanner Toppbanner Skøytesport
  Artikler/reportasjer    Arkiv    Debatt    Om oss    Tilbakemeldinger   

Debatt

World Cup og publikum

Eg reiser mykje rundt på skøyteløp både i inn og utland. Eg er vel det ein kan kalla ”i overkant” interessert i skøyter.

Sjølvsagt var eg og til stades under WC i Vikingskipet 21. - 22. november. Sidan eg bur på vestlandet, er eg avhengig av å reisa med fly til/frå Gardermoen, for så å ta toget til/frå Hamar. Dette er ein veldig grei reisemåte, som eg har benytta meg av gjennom meir enn 10 år. Denne weekenden hadde eg bestilt retur frå Gardermoen kl 19.30,som eg så ofte har gjort før. Derfor måtte eg ta toget frå Hamar 17.05. God tid, tenkte eg. Men nei, skikkelig kræsj. Mista dei to siste para på 10000m. Veldig lite hyggjeleg. La oss gå litt bak ”tragedien” for å sjå på årsaken.

Søndagens stevne skulle egentleg starta kl 09.00. Tidleg? Ja, i alle fall dersom ein ynskjer at nokon skal komma og sjå på. Vel, det vart utsett til 09.30, utan at det forandra publikumtilstrøyminga noko særleg. Ca kl 12.00 var B gruppa ferdig (minus 1500 damer). Speaker annonserer start A gruppa kl 14.00. Det gjekk eit sukk gjennom samtlege av publikum som var kommen. Kva skal ein finna på i Vikingskipet i to heile klokketimar? Hm, ikkje veit eg. Kvifor denne lange pausen? Jau, løparane skal trena. Må det vera slik?

Etter kvart vert klokka 14 og 1500m kvinner A startar. Grei avvikling. Så var det laaaang vanningspause, før det er klart for 10000m. Eg kjenner at eg begynner å bli urolig Har eg eit problem? Så får eg ”nådestøtet”. Ispreparering etter kvart andre par! Det har då aldri våre vanleg. I alle fall ikkje i Vikingskipet? ”Katastrofen” er eit faktum. I tillegg prepareres også oppvarmingsbanen kvar gong. Dette må kun vera for å jaga heim alle tilskuarar som av ein eller annan grunn ikkje var lika interessert i skøyteløp som meg og ei sneis til. Dersom ikkje ISU og andre som bestemmer forstår att dette er ”drepen” for publikumsinteressen, må nokon sei det til dei. Er det overdommer, lagledere eller andre som bestemmer dette? Eg forstår utmerka godt at hensynet til dei aktive skal vega tungt, men eg trur dei og er interessert i at det er publikum på tribunane.

Dette er ingen kritikk til arrangøren, som etter mi meining gjorde sitt ytterste for at ting skulle fungera godt. (sjølv om det kunne vore gjort veldig mykje meir på marknadsføringsida i forkant av arrangementet).

Men eg vil gjerne stilla nokre spørsmål til dei som føler dei kan svara på følgjande:
1. Kvifor skal det vera lang pause (2t) mellom B og A pulja?
2. Kvifor må ein preparera isen i skipet mellom kvart 2 par på 10000?
3. Må ein preparera oppvarmingsbanen like ofte? (Her kunne ein spart minst 5 min pr prep)
4. Burde arrangøren av WC og mesterskap hatt påbud om å ha 3 ismaskinar?
5. Kvifor må ein ha B puljer etter A pulja er ferdig? Desse løparane får garantert ingen tilskuarar.
6. Kvifor startar ein ikkje A pulja litt tidlegare ein søndag? 1400 er seint.
7. Tenkjer i heile tatt ISU/Teknisk delegert/arrangør på korleis ein kan få meir publikum på tribunen, eller er det heilt uvesentleg?
 
 

(c) Skøytesport 2012
Webredaktør: Nils Einar Aas
Gjenbruk og reproduksjon av Skøytesports tekst og illustrasjoner er ikke tillatt uten etter avtale med redaksjonen. Ved referanser/linker til våre sider, skal Skøytesport oppgis som kilde og med link til den fullstendige artikkelen. Linkede sider må åpnes i fulle/egne vinduer, og IKKE inne i en ramme/frame eller på andre måter som kan gi inntrykk av at materialet er publisert av eller tilhører andre enn Skøytesport.

Websidene er tilrettelagt og vedlikeholdt av Publikant.